Signe tok NM-gull!

Under NM i Styrkeløft i Oslo denne helga, var det Signe Elisabeth Belden Pavlovic i Stryn T & IL som gjekk til topps i klassa – 69 kilo (utstyrsfritt).

Ho tok gull i serien med knebøy, benkpress og markløft.

I knebøy sette ho like godt ny M1 Norgesrekord (40–49 år) med 182.5 kilo.

I benkpress løfta ho 110 kilo og med 187,5 kilo i markløft gav det ein total på 480 kilo som er M1 Norgesrekord.

– Eg er veldig nøgd med å ta totalpers, og tok 3. plass i bestemannsprisen på totalen og 3. plass for bestemannsprisen i knebøy, seier Belden som vart tredje beste kvinne på tvers av vektklassane.

40-åringen deltok også på EM i Kroatia førre helg så no vert det påskefri.

– Det skal bli godt med ei lett veke med kvile no. Eg får løfte blikket fram mot VM i styrkeløft i Litauen allereie i juni, fortel ho.

Tekst henta frå Fjordingen/Roger Oldeide.

Comments are closed