Janne tok 2 medaljar i EM!

Styrkeløftar Janne Bruhn-Henriksen deltok i EM Masters i Spania førre helg. To bronsemedaljar vart med heim til Stryn.

Bruhn-Henriksen deltok i klasse M2 (masters 2, 50–59 år). Til vanleg løftar ho i 69-kilosklassen, men denne gong stilte ho i 76-kilosklassen.

– Eg valde 76-kilosklassen i EM Masters for å unngå å slanke meg ned, og eventuelt miste styrke på den gode formframgangen eg har hatt siste året, fortel styrkeløftaren til Fjordingen.

I styrkeløft er det tre øvingar: Knebøy, benkpress og markløft.

Ny pers i knebøy
Innveginga tidleg på morgonen gjekk fint, og 72,7 kilo var godt innanfor regelverket.

– Av sju deltakarar kom eg på den litt kjedelege fjerdeplassen totalt, etter tre supersterke konkurrentar, seier Bruhn-Henriksen.

Det vart likevel personleg rekord og medalje i to øvingar.

I knebøy sette ho ny pers og løfta 130 kilo, ei forbetring på 7,5 kilo sidan oktober.

– Her var eg veldig fornøgd, og det gjekk over all forventning.

– Superfornøgd

I benkpress tangerte ho den personlege rekorden på 77,5 kilo. Det heldt til bronse i øvinga.

– Grunna ein skulderskade eg har hatt i lengre tid forventa eg ikkje så mykje meir, då benktreninga har vore avgrensa sidan juni i fjor. Så ei tangering var berre fantastisk.

Alt i alt er eg superfornøgd med dagen.

Bruhn-Henriksen tok også bronse i markløft med 157,5 kilo, også det tangering av personleg rekord:

– Her hadde eg nok forventa litt meir, men kreftene var brukt opp, og siste løftet på 157,5 kilo gjekk opp på rein viljestyrke. Alt i alt er eg superfornøgd med dagen, eg fekk ni kvite lamper (godkjente løft) av ni mogelege, så det var heilt perfekt.

Gler seg til NM
No ventar NM i Bergen 19.–21. april.

– Det ser eg fram til, avsluttar Janne Bruhn-Henriksen.

Artikkelen er skreve av Thomas Thaule, Fjordingen.

Comments are closed