– Vi meiner det er rom for to treningssenter i Stryn, seier Signe Elisabeth Belden og Leon Pavlovic. Fredag opna dei Valhall Gym i Tonning Vest-kjellaren.
Signe Elisabeth Belden og Leon Pavlovic meiner det er rom for eit nytt treningsstudio i Stryn. Dei har investert i topp moderne utstyr.
Det har vore hektisk aktivitet siste vekene i kjellaren i Tonning Vest. Heilt fram til opning vart dei siste detaljane sett på plass i det nyoppussa treningslokalet på om lag 200 kvadratmeter.
Styrketrening
– Vi hadde lyst til å investere i ein gym, då vi begge to er interesserte i styrketrening, seier Signe Elisabeth Belden. Sjølv om både ho og Leon Pavlovic er aktive styrkeløftarar, så presiserer dei at dette ikkje er nokon styrkeløftgym.
– Dette er ein gym som er open for alle som har lyst å trene styrke, seier Signe Elisabeth Belden. Det er ho som har ansvaret for det administrative, medan Leon har ansvar for utstyr.
Tradisjonelle treningsapparat
Sjølve gymen vart sett opp i løpet av sist veke, og med god hjelp sette Pavlovic opp apparata medan Belden var i Litauen for å delta i EM i styrkeløft.
Apparata er kjøpt inn frå Pavlovic sitt heimland, Kroatia. Han opplyser om at det er brukt over 200.000 kroner på utstyr og apparat, samt om lag 60.000 kroner på generell oppussing av lokalet.
Tradisjonelle og topp moderne treningsapparat som til dømes benkpress, romaskin, tredemølle, ribbevegg og manualar i alle storleikar er å finne i lokalet som dei leiger i Tonning Vest-kjellaren.
Belden og Pavlovic fortel at dei allereie fått fleire medlemar ved gymen.
– Medlemane kan kome og trene når dei vil frå morgon til kveld då dei vil få eigen nøkkel. Vi kjem til å vere tilgjengelege for rettleiing for dei som måtte ønske det, seier eigarane.
Veggane er rikt dekorerte med norrøne motiv som Laila Garlid har stått for.
– Dette synest eg vart veldig dekorativt og fint, avsluttar Belden før dei første kjem innom for å ta det nye treningssenteret nærare i augesyn.

Publisert i Fjordingen 11. desember 2018.