Valhall Gym i Stryn har utvida arealet til over det dobbelte.
– Vi har auka arealet frå 150 til 310 kvadratmeter, fortel Signe Elisabeth Belden Pavlovic, eigar av Valhall Gym.
– Då vi opna i desember 2018 hadde vi rundt 150 kvadratmeter. No har vi auka til 310, fortel Signe Elisabeth Belden Pavlovic, som eig Valhall Gym.
– I det nye arealet har vi utstyr til trening av benkpress, markløft og knebøy, i tillegg til at ein kan trene crossfit, strongman og boksing. I dei opprinnelege lokala finst alle maskinene, frå kondisjonsapparat til isolasjonapparat, maskiner for trening av ei spesiell muskelgruppe. I tillegg kan ein også trene bekpress, markløft og knebøy der.
Signe Elisabeth driv Valhall Gym saman med ektemannen Leon Pavlovic. Dei er begge i fullt arbeid ved sidan av. Ho i Stryn kommune, han som avdelingsleiar ved Nordfjord Kjøtt. Difor har dei heller ikkje betjent resepsjon ved senteret. Desse tenestene finn du på nettet. Men mykje av fritida brukar Signe og Leon i treningslokala midt i Stryn sentrum.
– Er dette ein gym for eigentrening, eller kan ein også trene med instruktør?
– I prinsippet er det eigentrening. Men dei som vil og har behov for det kan booke oss, seier Signe Elisabeth.
Leon Pavlovich er utdanna PT, personleg trenar, medan ho sjølv er treningsrettleiar.

Publisert i Fjordingen 23. januar 2023.