Leon Pavlovic med ny Europarekord

Under eit styrkeløftstemne i Polen sette den kroatiske styrkeløftaren i Stryn ny rekord i markløft og slo med det sin gamle europeiske rekord i si klasse (310,5 kg frå i fjor). Den nye rekorden er på 312,5 kilo i EQ markløft.

Det var under XPC International Championship Pro League-stemnet i Polen 29. september, at kroaten Leon Pavlovic løfta heile 312,5 kilo opp frå golvet.

Det heldt til gull og ny EM-rekord i EQ Deadlift (Markløft med utstyr) i vektklassa under 110 kilo. Han slo med det den gamle rekorden på 310,5 kilo, som han sjølv sette i fjor.

Konkurrerte med sterke smerter
Han er glad og stolt over rekorden, men den vart ikkje sett utan smerter, fortel han.

– Berre to veker før konkurransen fekk eg ein strekk i latissimus (ein av ryggmusklane) så eg sleit med store smerter. Eg tenkte å halde meg heime frå konkurransen, men beit tenna saman og reiste til Polen med eit lager av smertestillande og tigerbalsam. Det gjekk heldigvis bra, men skadar er ein del av gamet, fortel Pavlovic.

Han fortel at han i første omgang løfta 290 kilo og 305 kilo på andre forsøk.

– Det var veldig vondt, men eg kjende at eg hadde meir å gå på. Eg visste at eg kunne gå for gull og ny rekord. Det var veldig vondt, men det gjekk heldigvis bra, fortel han smilande.

Han legg til at han tok fleire medaljar i Polen. mellom anna tok han gull i knebøy.

– Det er knebøy som er favoritten, seier 31-åringen som gjer seg klar for ei ny, men roleg treningsøkt i Valhall Gym i Stryn. Han driv dette treningssenteret saman med kona Signe Belden Pavlovic som også deler lidenskapen for styrkeløft og trening.

Dei siste åra har dei markert seg sjølve, Stryn og Norge innanfor denne idretten.

Pavlovic, som til dagleg jobbar for Nordfjord Kjøtt, har framleis store ambisjonar innanfor styrkeløft. Han ser allereie fram mot neste konkurranse som skal arrangerast i Irland i april.

– No skal eg restituere ei stund. Til neste konkurranse skal eg prøve å gå opp ei vektklasse og konkurrere i – 125 kilos klassa. Eg kjem til å gå for gull og nye rekordar i markløft og målet for knebøy er 320 kilo og benkpress på rundt 200 kilo, så får vi sjå, seier han.

Tekst: Roger Oldeide, Fjordingen

Les artikkelen her: https://www.fjordingen.no/sport/i/ab93jE/her-slaar-han-sin-eigen-europarekord

Comments are closed