Signe Belden Pavlovic sette heile ti norgesrekordar i NM i styrkeløft utstyrsfritt på Lillestrøm i helga. Dermed klarte ho også kravet til VM.
Idrettsutøvaren i Stryn T&IL klarte personlege rekordar ti gonger – med like mange norgesrekordar og medaljar.
Ein av dei største prestasjonane var at ho klarte 200,5 kilo i knebøy, og tok dermed norgesrekorden i open klasse.
– Dette er jo er den gjevaste rekorden, fordi «open» er jo open klasse. Det vil seie mellom 21 til 39 år, men ein kan altså delta i open klasse om ein vil, seier Signe Belden Pavlovic.
Ho fortel at det også vart ni M1 (master1/40-49år) – rekordar. Alle andre- og tredjeløfta hennar var M1- rekordar, samt totalen gonger tre , som då vart ni til saman.
Totalt vart det 38 kilo i personleg rekord.
Kva betyr det for deg å setje så mange personlege rekordar og norgesrekordar?
– Det betyr jo sjølvsagt ein god del. Det er veldig kjekt å få tilbakebetalt for alt strevet ein puttar inn i treninga. Men eg gjer det jo også fordi eg synest det er kjekt, og fordi det å føle seg sterk er den beste følelsen ein kan ha, seier måløyværingen som bur i Stryn, etter ei strålande helg med store idrettsprestasjonar.
Ho mottok også ein pris i sølv for å vere beste kvinne på poeng i meisterskapen.
Ho deltek i open klasse sidan ho er konkurransedyktig der. Etter alle rekordane i helga klarte ho VM-kravet for open klasse, som er 510 kg i – 69. I denne klassen er det betydeleg høgare krav enn master-kategoriane.
Det er også i open klasse at ho er kvalifisert for landslaget frå 1. januar 2026.
Resultat frå NM:
Knebøy: 180 kg- 190 kg- 200,5 kg
Benkpress: 107,5 kg – 112,5 kg- 117,5 kg
Markløft: 180 kg- 192,5 kg- 200 kg
Totalt: 518 kg


